Svangerskapsavbrot-Planlagt abort 

 

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved

Dersom du ønskjer å få utført abort:

Dette skjer hos fastlegen:
Graviditetsdiagnosen blir stilt på grunnlag av sjukehistorie (manglande menstruasjon), positiv graviditetstest og gynekologisk undersøking. Fastlegen informerer deg om kva for val du har, og tilbyr informasjon om den bistand som samfunnet kan gi dersom du vel å fullføre svangerskapet.

12 veker betyr frå siste menstruasjons første dag. Dersom denne tida begynner å nærme seg må du informere om det for at du skal sleppe å vente på time. Går du over 12 veker må kravet behandlast av ei abortnemnd.

Legen informerer om abortmetodar og mulege komplikasjonar som er knytt til desse prosedyrane.
Det blir utført ei gynekologisk undersøking for å vurdere lengda på svangerskapet, og det blir tatt bakterieprøver frå skjeden. Du fyller ut krav om svangerskapsavbrot og legen skriv ei tilvising til sjukehuset. Desse sendast, eller du tar dei med til sjukehuset.

Dette skjer på sjukehuset:
Etter at du har vore hos primærlegen bestiller du sjølv time ved Gynekologisk poliklinikk, telefonnummer 55 97 42 36 (mellom kl 10:00 - 11:30 og 13:30 – 14:30). Her vil du få snakke med ein sekretær, og det blir avtalt tid for poliklinisk forundersøking ved Kvinneklinikken.
Forundersøkinga er på Gynekologisk poliklinikk. Her vil du få snakke med både sjukepleiar og lege.

Sjukepleiarkonsultasjon:
Du snakkar først med sjukepleiar om abortvalet og metodar. Ho gir deg tid og stad for når aborten skal utførast, og praktiske opplysningar som er knytt til aborten. Sjukepleiar måler blodtrykket ditt og registrerer personopplysningar. Dersom du er i tvil i ditt val kan sjukehuset gi tilbod om rettleiing.

Legekonsultasjon:
Legen lyttar på hjarte og lunger, og gjer ei vanleg underlivsundersøking med vaginal ultralyd for å bestemme kor lenge svangerskapet har vart. Dersom det ikkje er tatt bakterieprøve frå skjeden hos fastlegen blir denne tatt på poliklinikken.
Du snakkar deretter med legen om prevensjon, og legen fyller ut journalen din.
Til slutt går du på laboratoriet for å ta ei blodprøve. Der sjekkar dei blodprosenten og blodtypen din, og nivået av svangerskapshormon i blodet.

Ventetid:
Sjølv om du har ein fast time vil besøket ta litt tid. Vi har også ein akutt-hjelp-funksjon som kan føre til at timen din blir endra. Sett derfor av nokon timar denne dagen.


Publisert 16.05.2010 21:19 | Endret 25.09.2012 13:36 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo