Reisepoliklinikken 

 
Verksemda er knytt til Infeksjonsmedisinsk poliklinikk og går føre seg i Medisinsk poliklinikk sine lokaler i 2. etasje (E-gangen) i Sentralblokka. Tid: onsdagar utanom feriar og helligdagar mellom klokka 17 og 20.
 

 

Timebestilling:
Onsdag i tidsrommet kl. 17-20 på telefon 55 97 69 50.
Utanom dette tidsrommet er telefonen ikkje bemanna.

Du kan og bestille time ved å sende e-post til:
reisepoliklinikken.haukeland@gmail.com
Dersom du nyttar denne e-postadressen kan du oppgi navn, fødselsdato og telefonnummer, men ikkje personnummer eller sjukdomar.

Tilvisande legar kan sende brev til:
Reisepoliklinikken,
Infeksjonsmedisinsk poliklinikk,
Haukeland universitetssjukehus,
5021 Bergen

Skjema for den reisande
Før du kjem til reisepoliklinikken er det lurt å førebu seg litt;
Det er viktig at du som reisande har funne fram vaksinasjonskortet ditt og elles har sjekka ut kva for vaksinar og sjukdomar du evt. har hatt. Det er elles nyttig om du veit nokolunde kva for landområde du skal til. Som hjelp til dette nyttar du følgande skjema;
Side 1
Side 2

Skjemaene er utgangspunkt for konsultasjonen på reisepoliklinikken 
Skriv dei ut frå lenkene over, fyll ut og ta med deg.

Føremålet med reisepoliklinikken er å styrke det eksisterande reisemedisinske rådgivingstilbodet i Bergen. I tillegg fins det eit tilbod til andre legar i og utanfor sjukehuset for tilvising av klientar der spesielle forhold gjer det meir komplisert enn vanleg å vurdere kva for vaksinar og førebyggande antimalariamiddel som bør bli gitt.

Reisepoliklinikken er bemanna av ein lege frå Infeksjonsseksjonen, og to assistentar som set vaksinane og tar imot betaling for vaksinane og konsultasjonen. Betaling skjer via giro som du får med frå konsultasjonen.

Reisemedisinske råd:


Publisert 06.06.2010 20:30 | Endret 03.05.2013 09:13 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo