Fremst innan fødselshjelp i Noreg
Severin Petersen (1870-1955) var ein av pådrivarane bak innflyttinga til Kvinneklinikken i 1926. Han var og ein av dei beste fødselshjelparane i Noreg.
|
| Jørgen Løvset (1896-1981) |
Det var i Petersen si tid som sjef at Jørgen Løvset (1896-1981), som underorda lege i åra 1931-1935, utvikla instrumenter og teknikkar som skulle gjere ham verdskjent.
Navleklemmen blei brukt over alt i Noreg i 50 år. Instrumenta til å utvide livmorhalsen ved svangerskapsavbrot og igangsetting av fødsel like lenge. Hans sinnrik tang blei lite brukt utanfor Kvinneklinikken. Derimot blei Løvset sin metode til forløysing av skuldra under fødsel der barnet låg i seteleie, kjent i heile verda. Metoden blei presentert i 1935 første gong, og seinare i verdsleiande tidsskrift. Han er til dags dato eit av dei få norske legenamn som er gjengangarar i alle større internasjonale lærebøker.
Referanse:
Børdahl, P. Æres den som æres bør. I: Børdahl PE, Moen MH, Jerve F (red). Midt i livet. Norsk gynekologisk forening 1946-1996. Trondheim: Tapir 1996.
Bergsjø P. Kvinneklinikken. I: Haukeland sykehus. En medisinsk hjørnesten siden 1912. Janssen Carl W og medarbeidere. Bergen: Eide forlag, 2001.
Børdahl, PE, Hem, E.; Løvsets manøver ved skulder forløsning i seteleie - ”bedst og sikrest”. Tidsskr Nor Legeforen 2001;121:1606-7
|
|
| Kvinneklinikken ca. 1935 |
Publisert
02.02.2012 08:47 |
Endret
17.02.2012 13:06