Forskingsstrategi 

Forsking og innovasjon - Strategi for Helse Bergen 2010-2012 

Forsking og innovasjon for ei betre og meir effektiv helseteneste

Forsking og innovasjon skal vere med og leggje det beste grunnlaget for ei betre og meir effektiv helseteneste.

Strategien har hatt fokus på tre område som samsvarar med Helse Bergen sin strategiske plan fram til 2012.

  • Forsking skal vere integrert i den daglege kliniske verksemda.

  • Forsking skal leggjast til rette ved bruk av profesjonell forskingsstøtte og oppdaterte IKT-løysingar.

  • Føretaket sin forskingsinfrastruktur, inkludert biobankløysingar og register, skal vere av ein slik kvalitet at forsking har eit fortrinn i Helse Bergen.


Forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta omfattar pasientretta, klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk, nye medikament og nye behandlingsformer, langsiktig, epidemiologisk forsking og forsking for å dokumentere langtidseffektar av pasientbehandling.

Framover må forskinga også ha fokus på nytte og kostnadseffektivitet ved ulike behandlingsmåtar som kan sikre prioriteringar og val som gir oss mest helse for kvar krone.

Det er eit stort behov for eit sterkare forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for organisering og utforming av den kommunale omsorgstenesta.

Medisinsk og helsefagleg forsking er avgjerande for å sikre kvalitet i utdanning og yrkesutøving innanfor helsevesenet. Berre gjennom forsking kan vi utvikle førebyggjande, lækjande og lindrande behandling av gamle og nye sjukdomstruslar.

I Lov om spesialisthelsetenesta er forsking sidestilt med pasientbehandling, opplæring av pasientar og deira næraste, samt utdanning av helsepersonell. Dette er ei særskilt viktig oppgåve for universitetssjukehusa.

Helse Bergen er landet sitt nest største helseføretak når det kjem til resultata av forskingsverksemda. Måling av ressursbruken til forsking syner at Helse Bergen er kostnadseffektiv. Det gode samarbeidet med Universitetet i Bergen er svært viktig for høg vitskapeleg kvalitet.  

Klinisk forsking er verksemd som er nært knytt til diagnose, behandling og prognose for einskilde pasientar eller dei vanlegaste grupper av pasientar.

Translasjonell forsking er "samarbeidsforsking eller overføringsforsking". Mest vanleg er bruken som omhandlar kunnskap "from bench-to-bedside". Det handlar om samhandling mellom grunnforsking og klinisk forsking.
Ein ønskjer effektiv overføring av ny kunnskap, mekanismar eller teknikkar innan førebyggjing, diagnostikk eller behandling av sjukdom med betre helsetilstand som resultat.

For mange vil også translasjonell forsking handle om korleis ein kan overføre forsking til klinisk praksis. Det betyr korleis ein kan sikre at ny behandling og kunnskap verkeleg når dei pasientane eller pasientgruppene som slik kunnskap var tiltenkt. Implementering er ein del av denne verdikjeda.

Helse Bergen vil legge til rette både for klinisk og translasjonell forsking, samt helsetenesteforsking.

Det er nytt at helseføretaka også skal ha ein naturleg plass i innovasjonsarbeidet. 

Innovasjon i helsesektoren er definert slik: Utvikling av ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt.

Innovasjon er viktig for å auke den offentlege verdiskapinga gjennom betre kvalitet og kostnadseffektivitet. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet også i helsetenesta.

Visjonen vår er:

Helse Bergen skal styrke posisjonen som eit av dei leiande helseføretaka innan forsking og innovasjon for å sikre:

  • Trygge sjukehustenester
  • Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk
  • Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo